Truga artar

Klimaendringar påverkar det biologiske mangfaldet stadig meir. Så mange som 87 av dei truga artane på Raudlista blir rekna som truga av klimaendringar. Mange er knytte til eit kjøleg fjellklima og er difor sårbare for høgare temperaturar. Vi veit i tillegg at vi kan ha undervurdert skadeverknadene av klimaendringar. 

Sannsynlegvis vil mange fleire truga artar, med unntak av dei som er varmekjære, få større problem. Det er fordi klimaendringar vil gjere det naudsynt for artane å tilpasse seg på ein måte som truga artar har vanskar med. Noreg har som nasjonalt mål at ingen arter skal utryddast, og det krevst ein ekstra innsats for å sikre dei truga artane. 

Oppgåver i eit endra klima

Raudlisteartar

Sikring av artar i planar og prosessar