Friluftsliv

I Norge kjem klimaendringane til å gjere skisesongen kortare, særleg i låglandet. Fleire brear og brearmar vil smelte bort, krympe eller bli utilgjengelege for breturar. Med meir nedbør blir stiar meir utsette for væte, erosjon og skred. Attgroinga vil skyte fart, og meir vedlikehald må til, både for at folk skal kome seg fram og for å ta vare på utsikta. Med høgare temperaturar kjem fleire menneske til å opphalde seg i skjergarden og strandsona i sommarhalvåret. Tørre periodar vil òg gjere det nødvendig å førebyggje brann, til dømes gjennom utvida bålforbud og meir informasjon om skogbrannfare.

I Norge har vi nasjonale mål om at alle skal ha høve til å utøve friluftsliv i nærområdet sitt og elles i naturen. Det krev at område som er viktige for friluftsliv blir sikra og forvalta godt, og at allemannsretten blir halden i hevd. For å nå desse måla, må vi setje i verk ein god del tilpassingstiltak.

Oppgåver i eit endra klima

Omlegging og fuktsikring av stiar og løyper

Skjøtsel ved attgroing

Tilpassing av skiløyper