Framande artar

Globalt reknast skadelege framande artar som ein av dei største truslane mot naturmangfaldet. I Noreg gir Norsk svarteliste ei oversikt over framande artar med høg økologisk risiko. Klimaendringane forsterkar spreiinga og effekten av framande artar fordi ein del artar som i dag ikkje overlever på grunn av kaldt klima får betre vilkår. Det viktigaste tiltaket er å avgrense spreiinga av artar som gjer stor skade på naturmangfaldet. 

Det viktigaste er å avgrense spreiinga av artar som gjer stor skade på naturmangfaldet

Framande organismar er regulerte i ei eiga forskrift. Forskrifta inneheld ei forbodsliste med dei mest skadelege framande artane. Det er søknadsplikt for ein del artar. Forskrifta inneheld òg forsiktigheitskrav til dei som innfører eller set ut framande organismar i Norge. Det er forbode å setje ut fisk og ferskvassorganismar i sjø, vatn og vassdrag. Dersom ein vil nytte utanlandske treslag til skogbruksføremål, må ein søkje om løyve. Fleire sektorar har ansvaret for aktivitetar, forvaltning og handheving av regelverk knytte til innførsel, omsetning og utsetting av slike artar, og for kontroll og nedkjemping.

Oppgåver i eit endra klima

Strategiar og handlingsplanar

Informasjon

Kartlegging

Utsetting av artar

Fjerning av artar