Norge også utsett

Sjølv om dei fleste av problema knytte til matsikkerheit verkar fjerne i Norge i 2016, meiner ekspertar at globale matkriser også kan nå Norge om få tiår.

I 2015 la Verdas matvareprogram fram data som tyder på at store deler av verda kan oppleve matvarekrise innan 35 år. I ei tett samanvevd verd som i større grad blir prega av klimaendringar, kan også dei rike industrilanda snart oppleve problem knytt til matsikkerheit.

Mindre sjølvforsynt

Kor sjølvforsynt eit land er, gir eit visst bilete av kor utsett det er for problem knytt til framtidig matsikkerheit. Norge er i stor grad sjølvforsynt med husdyrprodukt. For proteinbasert mat var vi 68 prosent sjølvforsynte i 2014, og når det gjeld fisk, er landet vårt ein stor netto eksportør.

Vi er litt mindre sjølvforsynte med plantebasert mat. Frå 2005 til 2014 gjekk sjølvforsyningsgraden for jordbruksprodukt (rekna på energibasis) ned frå 52 til 46 prosent.

Knapt med jord

Det dyrka og dyrkbare arealet i Noreg er ein knapp ressurs. Berre tre prosent av landområda er jordbruksareal, og av dette er berre ein tredel egna til korndyrking. I mange byregionar med verdifulle jordbruksareal er arealpresset stort, og kvart år blir areal med dyrkbar jord omdisponerte til andre formål enn landbruk. Det finst eit visst nydyrkingspotensial, men generelt er dei areala som er tekne i bruk, betre eigna for matproduksjon enn dei areala som ikkje er dyrka. Likevel er finst det ein arealreserve som kan takast i bruk til matproduksjon. Klimaendringane vil føre til høgare temperaturar og kan forlenge vekstsesongen. Enkelte nye areal kan bli egna til jordbruksverksemd.

Fiskeri og havbruk

Fisk og sjødyr trekkjer mot nord når temperaturen i hava stig, og det er venta større kamp om ressursane i havet. Samtidig er havforsuring som følgje av høge CO2-konsentrasjonar i atmosfæren eit potensielt trugsmål mot fiskeri- og havbruksnæringa på lang sikt. Forskarane veit framleis ikkje nok om konsekvensane dette kan få, men det er kjent at forsuringa vil vere eit problem i mange tiår framover, og at artar i verste fall kan forsvinne frå kystnære strok.