Klimaendringar og matsikkerheit

Ekstremvêr, fallande avlingar i delar av verda og større konkurranse om ressursane er venta dei neste tiåra som følgje av klimaendringar.

Matsikkerheit er at menneske har tilgang til nok, trygg og næringsrik mat for å kunne leve eit aktivt og sunt liv. Dette er eit internasjonalt fastsett mål som på ingen måte er nådd, og FNs klimapanel har slått fast at klimaendringane kjem til å gå ut over tilgangen på mat verda over.

Særleg ekstremnedbør og høgare temperaturar er globalt sett venta å redusere både avlingsmengder og avlingskvalitet i tiåra framover. Fram mot 2100 er avlingane venta å bli mindre i ein stadig større del av verdas dyrkbare landområde.

Ved høgare breiddegrader kan eit varmare klima vere gunstig for matproduksjonen, men også her kan endra vêrmønster, ekstremvêrhendingar og nye skadegjerarar gje større usikkerheit i matproduksjonen enn i dag.

Eit globalt problem

Nær 800 millionar menneske er i dag råka av svolt. Nesten 2 milliardar menneske opplever periodar med for liten tilgang på trygg og næringsrik mat, og om lag halvparten av alle barnedødsfall skjer på grunn av feil- og underernæring.

Ein del av landa i Afrika, Latin-Amerika og sørlege Asia er både meir utsette for klimaendringar og meir avhengige av matimport på grunn av ei veksande befolkning enn land i andre verdsdelar. FNs klimapanel meiner at den globale matsikkerheita er truga. På grunn av mellom anna omfattande internasjonal handel med mat, kan problem ein stad fort gje problem i ein annan del av verda.

Usikker tilpassing

Sjølv om det føregår arbeid og forsking for å gjere matproduksjonen betre tilpassa til framtidas klima, til dømes gjennom å utvikle meir vêrharde sortar eller å gje råd om å vatne og gjødsle annleis, veit ein for lite om effekten av slike tiltak og kor mykje dei kan monne i det store biletet. Sjansen for at ein kan tilpasse seg vekk frå klimaproblema gjennom tiltak i landbruket er større i tempererte område enn i tropiske område. Det er òg lettare å lykkast med klimatilpassing i dyrkinga av kveite og ris enn når det gjeld mais.

Ekspertar meiner likevel det blir vanskeleg å vege opp for negative endringar, som tørke, flaum, storm og hetebølgjer i dei mest utsette områda. Det er på sørlege breiddegrader at utsiktene til vellykka tilpassing av matproduksjonen kanskje er minst, samtidig som behovet er størst.

Stigande kornpris

Eit sannsynleg scenario er at produksjonen av kveite, ris og mais blir påverka i område som alt før har store utfordringar med matsikkerheit, som delar av Afrika og Asia. Svekka kornproduksjon i desse regionane vil då få både lokale og globale konsekvensar. Mattilgangen vil då gå ned der kornet blir dyrka, samtidig som det er sannsynleg at prisane vil stige. Slike kriser er venta innan 2050.

Hava er utsette

Havforsuring, som er ein konsekvens av høge CO2-konsentrasjonar i atmosfæren, kan om nokre tiår utgjere eit trugsmål for livet i havet, og tilpassingsløysingar finst så langt ikkje. Nokre organismar er direkte utsette, men det er like alvorleg at heile økosystem kan kollapse dersom enkeltartar blir borte.

Etter kvart som hava blir varmare, vil fisk og sjødyr òg trekke mot polane, med følgjer for mange kystsamfunn. Alt i alt er det venta at konkurransen om fiskeressursane vil auke. Dette vil få følgjer for kystnasjonar og for den samla matproduksjonen i havet.

Dyrebart vatn

Tilgang på ferskvatn kan bli redusert når isbrear og snødekke gradvis smeltar bort. I delar av Afrika vil klimaendringane dessutan føre til mindre regn. Dette vil skje samtidig med at det globale folketalet stig og verda får behov for meir mat. Mangel på drikkevatn er venta å bidra til uro, konflikt og migrasjon i utsette delar av verda.

Jord blir borte

Stormar, skred, flaumar er venta å kunne øydelegge ein del matjord under ekstremvêr.

Også havnivåstiging betyr mange stader at areal som kunne ha vore dyrka, gradvis blir borte, dels fordi dei blir ståande under vatn og dels fordi saltvatn trengjer inn i grunnvatnet og gjer areal ueigna til matproduksjon.

Meir sjukdom

Friske dyr og planter er viktig for å produsere nok og trygg mat. Klimaendringane kan gjere at plante- og dyresjukdommar aukar i omfang eller blir etablerte på nye stader. Mildare vintrar i nordområda kan gje betre vilkår for overvintring slik at fleire typar skadegjerarar overlever. Effekten av klimaendringar på førekomst av sjukdom hos husdyr er lite studert, delvis fordi det er vanskeleg å skilje klimaeffekten frå effekten av andre store endringar. Det er likevel godt dokumentert at klimaendringar kan ha stor effekt på førekomst og utbreiing av sjukdommar som spreier seg med vektorar som mygg, fluger og flått.