Organisering
Det er viktig at arbeidet med klimatilpasning går på tvers av sektorer. Trondheim kommune har opprettet en styringsgruppe for klimatilpasningsarbeidet med representanter fra flere sektorer. Foto: Helene Totland Müller, Miljødirektoratet

Organisering av arbeidet med klimatilpassing

Enkelte kommunar har komme langt innan klimatilpassing og har ein klar organisering av arbeidet.  Her er ein «meny» over korleis Oslo, Bergen, Trondheim og Kristiansand har rigga arbeidet sitt. 

Kven bør vere med?

Oslo:

  • Etatane plan- og bygning, vatn og avløp, beredskap og helse er med i eit uformelt nettverk leidd av ein spesialkonsulent for klimatilpassing i Bymiljøetaten.

Bergen:

  • Ansvaret for klimatilpassing er fordelt på alle som jobbar med planlegging og arealspørsmål.
  • Bergen har ein eigen klimasjef som er leiar for klimaseksjonen i kommunen. Seksjonen sorterer no under Byrådsavdeling for klima, kultur og næring (før: Byrådsavdeling for Klima, miljø og byutvikling).

Trondheim:

  • Arbeidsgruppe for klimatilpassing og styringsgruppe frå sektorane miljø, kommunalteknikk, eigedom (utbygging), bydrift og byplan (byggesak).
  • Planar om å opprette tverr-sektorielt nettverk for klimatilpassing i kommunen.

Kristiansand:

  • Faggruppe med folk frå områda ras, flaum, veg, blågrøn faktor, plansaker, byggesak, beredskap, eigedom, byantikvar og park/grønt/biologisk mangfald.
  • Gruppa er leidd av ein klimatilpassingskoordinator frå by- og samfunnseininga.

Korleis forankre?

Forankring blir opplevd som nødvendig for å få gjennomført klimatilpassing i praksis. Det aller beste er om forankringa er både administrativ (t.d. rådmann) og politisk (kommunestyre/bystyre e.l.) slik at tilsette har mandat til å jobbe med temaet.

Spesialiserte fagpersonar som skal jobbe med klimatilpassing utan forankring eller ei arbeidsgruppe, vil lett bli frustrerte.

Korleis jobbe saman?

  • Ein bør ha ein koordinator i sentrum for arbeidet. Denne personen er eit slags nav i arbeidet med klimatilpassing og avtalar møte mellom dei som arbeider med klimatilpassing i kommunen.
  • I enkelte kommunar har dei mest tru på ei handplukka arbeidsgruppe jobbar med klimatilpassing på tvers av sektorar.
  • I Bergen er det mindre vanleg å snakke om klimatilpassing på eit generelt nivå, ettersom kvar etat tek seg av sine faglege bitar av tilpassinga. Ansvarsdelinga er i tråd med den nasjonale tilnærminga (at alle etatar har ansvar for å drive med tilpassing).
  • Arbeidsmåtane og strukturane gjerne fastare i kommunar som har arbeidd med klimatilpassing i nokre år. I kommunar som nettopp har starta arbeidet på området, er det vanleg at møte blir organisert etter behov, t.d. ut frå det som skjer innan planarbeidet eller i prosjekt kommunen er med i.

Erfaringar

  • Å arbeide med klimatilpassing i uformelle nettverk er krevjande. Dei involverte har lite tid til arbeidet.
  • Dersom ansvaret for klimatilpassing skal fordelast på mange, krev det at ein bygger opp kompetanse hos mange i kommunen
  • Å fordele prosjektinvolvering på mange tilsette gir fleire eit fagleg utbyte.
  • Å ha ein klimasjef eller klimakoordinator gjer det lettare å få samanheng i arbeidet med tilpassing, på tvers av einingar. Ein sikrar òg at nokon er oppdatert, har oversikt og held kontakt med aktørar utanfor kommunen.
  • Ein handlingsplan er eit betre grunnlag for å arbeide med klimatilpassing enn ein strategi, som seier for lite om tiltak.
  • Ved å etablere eit nettverk, veit koordinatoren alltid kven han/ho kan vende seg til.
  • Arbeid i nettverk krev at nettverket har ein tydeleg funksjon, og at oppgåvene er forankra i kvar eining eller sektor.

Meir om organisering i dei fire byane: